Josephine av Chris Rea

Josephine
Song av Chris Rea
frå albumet Shamrock Diaries
Språk engelsk
Utgjeve 1985
Innspelt desember 1984
Sjanger Poprock
Lengd 4:26 (seinare 3:54)
Selskap Magnet
Komponist Chris Rea
Tekstforfattar Chris Rea
Produsent Chris Rea

«Josephine» er ein av dei mest populære og suksessrike songane til Chris Rea, gjeven ut i 1985 på albumet Shamrock Diaries. «Josephine» vart skriven av Rea for dottera med same namn. Rea skreiv seinare ein song for den yngste dottera si, Julia, på albumet Espresso Logic (1993).

«Josephine» er ein song som Rea har spelt inn fleire gonger. Versjonen på albumet vart sidan på seinare CD-utgåva erstatta av ein «disco»-versjon, som dannar grunnlaget for den seinare versjonen «Josephine (La version Francais)». Den originale LP-versjonen var seinare tilgjengeleg på den franske utgåva av The Best of Chris Rea i 1998. Det finst òg ein versjon spelt inn i 1988 for New Light Through Old Windows, som òg finst på The Best of Chris Rea frå 1994. I tillegg finst det ein meir langsam versjon spelt inn for den amerikanske utgåva av New Light Through Old Windows i 1988, som òg finst på Very Best of Chris Rea frå 2001, men denne er ikkje den same som vart nytta i den originale videoen frå 1985. Til slutt finst det nok ein versjon som vart gjeve ut på den tyske versjonen av Fool (If You Think It's Over) - The Definitive Greatest Hits.

«Josephine» vart òg sampla i 2000 av Superfunk for songen deira «Lucky Star», med Ron Carroll, men samplinga kjem frå ein annan (kortare) versjon av songen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre