Christopher Anton «Chris» Rea (fødd 4. mars 1951)[1] er ein engelsk songar-låtskrivar og gitarist som er kjend for den særeigne, rustne stemma og slidegitarstilen sin.[2] British Hit Singles & Albums skreiv at Rea var «ein av dei mest populære britiske songar-låtskrivarane i slutten av 1980-åra. Han var alt ei stor europeisk stjerne då han slo igjennom på den britiske Topp 10 med The Road to Hell (Part 2)».[3] Fram til 2009 hadde han selt meir enn 30 millionar album verda over.[4]

Chris Rea

Fødd4. mars 1951 (73 år)
FødestadMiddlesbrough
FødenamnChristopher Anton Rea
OpphavEngland
Aktiv1978 til i dag
Sjangerpoprock, softrock, bluesrock
InstrumentVokal, gitar, piano
Kjende instrument1962 Fender Stratocaster
Stemmetypebaryton
PlateselskapMagnet, East West, Edel,
Warner, Jazzee Blue, Rhino
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

I USA er han mest kjend for hitsongen frå debutplata frå 1978, «Fool (If You Think It's Over)» som nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og som låg tre veker på toppen av Billboard Adult Contemporary-lista. Dette gjorde at han vart nominert til Grammy-prisen for årets nykommar i 1979.[5] His other hit songs include, «I Can Hear Your Heartbeat», «Stainsby Girls», «On the Beach» (9. plass på Adult Contemporary), «Let's Dance», «Josephine», «Driving Home for Christmas», «Tell Me There's a Heaven», «Auberge», «Looking for the Summer», «Winter Song», «Nothing To Fear», «Julia», «Working On It» (1. plass på Mainstream Rock-lista) og «If You Were Me», ein duett med Elton John.[6]

To av studioalbuma hans, The Road to Hell og Auberge, nådde toppen av albumlista i Storbritannia.[3] Rea vart nominert tre gonger til Brit Award for beste britiske mannlege artist, i 1988, 1989 og 1990.[7][8][9] Boka Guinness Rockopedia skildrar han som «ein gitar-kraftkar med rusten stemme».[10]

Biografi endre

 
Chris Rea i i Heineken Music Hall i Amsterdam, 5. mars 2010.

Tidleg liv endre

Chris Rea var fødd 4. mars 1951 i Middlesbrough i North Riding of Yorkshire i England, av ein italiensk-britisk far, Camillo Rea,[11] og ei irsk mor, Winifred K. Slee.[12] Namnet Rea var kjend i området sidan faren eigde fleire iskremkafear og fabrikkar kalla Rea's Ice Cream.[10][11] Han har to brør, Nick og Mike, og fire systre, Catherine, Geraldine, Paula og Camille.

1972–82: Tidleg karriere og «Fool (If You Think It's Over)» endre

Etter han var ferdig med skulen byrja tok Rea forskjellige jobbar, og arbeidde mellom anna i iskremforretninga til faren.[13] Han kjøpte den første gitaren sin relativt seint, 21-22 år gammal,[14][15] ein 1961 Hofner V3.[13] Han er sjølvlært.[15] Rea lytta til deltablues-musikarar som Sonny Boy Williamson II og Muddy Waters,[16] i tillegg til opera og lett klassisk musikk.[12] Rea byrrja musikkarrieren sin inspirert av musikken til Charlie Patton,[17][14] Blind Willie Johnson og Sister Rosetta Tharpe,[17] i tillegg til moderne artistar som Ry Cooder og Joe Walsh.[18][14] Han sa at «for mange folkf rå arbeidarklassen, var ikkje rock eit val, det var den einaste tingen, den einaste vegen for kreative mogelegheiter»,[16] og at «då eg var ung ønskte eg mest av alt å skrive filmmanus og filmmusikk. Men Middlesbrough i 1968 var ikkje staden om du ønskte å skrive filmmusikk».[16] Sidan han vart seint introdusert for musikk og gitarstilen hans vart samanlikna med Mark Knopfler og Eric Clapton, sa Rea «eg var ikkje der då båten gjekk, trur eg».[14]

I 1973 vart han med i det lokale Middlesbrough-bandet Magdalene, og skal ha erstatta David Coverdale som slutta for å bli med i Deep Purple.[10][13][15] Han skreiv songar og byrja berre å synge fordi songaren i bandet ein dag ikkje møtte opp.[15] Rea danna så bandet The Beautiful Losers som i 1975 vart omtalt som beste nykommar i Melody Maker, men han fekk så ein platekontrakt med Magnet Records som soloartist,[18] og gav ut den første singelen sin, «So Much Love» i 1974,[19] og bandet vart oppløyst i 1977.[20] I 1977 spelte han på Hank Marvin-albumet The Hank Marvin Guitar Syndicate og gjesta på Catherine Howe-EPen The Truth of the Matter.[1]

I 1978 kom debutplata til Rea, Whatever Happened to Benny Santini?. Det kom ut i juni og var produsert av den faste produsenten til Elton John, Gus Dudgeon. Tittelen på albumet var ein referanse til «Benjamin Santini», scenenamnet som Rea på sarkastisk vis fann opp, men som plateselskapet ønskte at han skulle nytte.[1][16] Den første singelen frå albumet, «Fool (If You Think It's Over)», vart den største hitten til Rea i USA. Singelen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista. Som dei fleste av dei tidlege singlane til Rea, gjekk ikkje «Fool (If You Think It's Over)» inn på UK Singles Chart då han først kom inn, og nådde berre 30. plassen då han vart gjeven ut på ny seint i 1978 for å utnytte populariteten i USA.[3] Plateselskapet meinte han var ei blanding av pianistane og songarane Elton John og Billy Joel,[16] og Rea meinte at platekjøparane hadde feil inntrykk av han dei første tre-fire åra.[14] Rea skreiv at hitsongen «er den einaste sognen eg ikkje spelar gitar på, men det vart den første singelen min og tilfeldig ein massiv hit»,[14] og at han «alltid har hatt eit vanskeleg forhold til det å vere kjend, sjølv før eg vart sjuk første gongen. Ingen av heltane mine var rockestjerner. Eg kom til Hollywood for Grammyprisutdelinga ein gong og trudde eg kom til å møte folk som betydde noko for meg, som Ry Cooder eller Randy Newman. Men eg var berre omgjeve av popstjerner».[21][22]

Dudgeon produserte òg det neste Rea-albumet, Deltics. Rea har sidan snakka om dei vanskelege arbeidstilhøva han hadde med Dudgeon som han følte 'glatta ut' blueselementa frå musikken for å få han til å høyre meir ut som Elton John eller Billy Joel.[23][16] Dette albumet, det tredje (Tennis) og det fjerde (Chris Rea) inneheldt ingen hitsinglar.

1983–2000: Europeisk gjennombrot, The Road to Hell og Auberge endre

 
Chris Rea tidleg i 1980-åra.

På det femte studioalbumet til Rea, Water Sign vart ein overraskande hit i Irland og Europa, og selde over ein halv million eksemplar på berre nokre få månader og singelen «I Can Hear Your Heartbeat» frå albumet gjekk inn på singellistene i Europa.[19]

Med sukssen til Water Sign og Wired to the Moon byrja Rea å fokusere turnéverksemda i Europa, og bygde opp ein solid fanbase. Det var først med Shamrock Diaries i 1985 og songane «Stainsby Girls» (skriven om ei fråflytta grend nær Middlesbrough og skulen kalla opp etter staden) og «Josephine» at det britiske publikumet byrja å legge merke til han. Dei neste albuma var On The Beach (1986) og Dancing with Strangers (1987),[10] som begge selde til platina og Dancing with Strangers nådde andreplassen i Storbritannia, berre bak Michael Jackson Bad. Dancing with Strangers-turneen i 1987 bestod av utselde stadionkonsertar over heile verda og han spelte to gonger på Wembley Arena. Det neste albume thans var den første samleplata, New Light Through Old Windows, selde særs godt og inneheld nye versjonar av hitsinglane hans.[10]

Det neste studioalbumet vart det store gjennombrotet til Rea.[10] The Road to Hell (1989) vart ein massiv suksess og gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. I USA nådde albumet berre 107. plassen, trass i at songen «Texas» vart mykje spelt på radio. Tittelsporet vart gjeve ut som singel i Storbritannia og nådde topp 10 der. Rea deltok på Band Aid II-prosjektet og singelen «Do They Know It's Christmas?» i desember 1989.[10] Det neste albumet hans, Auberge, gjekk òg til topps på albumlista i Storbritannia og selde godt i Europa.

Etter Auberge, gav Rea ut God's Great Banana Skin som klatra til fjerdeplassen i Storbritannia,[10] medan singelen «Nothing to Fear» vart ein ny hit på den britiske topp 20-lista. Eit år seinare kom Espresso Logic, som nådde topp 10 og singelen «Julia», skriven om den andre dottera hans, nådde igjen topp 20. Albumet vart delvis marknadsført med at Rea tok del i British Touring Car Championship, men han røykt ut alt i første runden.[10] Han vart så sjuk ein periode og det neste albumet hans kom ikkje ut før i 1998, då The Blue Cafe nådde topp 10 i Storbritannia. I 1999, ti år etter Road to Hell, gav Rea ut elektronika-albumet The Road to Hell: Part 2, som selde heller dårleg. I 2000 gav han ut King of the Beach, som nådde topp 30 i Storbritannia.

2001–05: Bukspyttkjertelkreft og attende til bluesrøtene endre

Sjølv om han hadde bukhinnebetennelse og mageproblem sidan 1994, og fleire operasjonar over tid,[21][24] fekk Rea i august 2000,[25][26][27] bukspyttkjertelkreft. Han vart operert og mista delar av bukspyttkjertelen, tolvfingartarmen, gallegangen og galleblæra.[13][21] På grunn av dette har Rea sidan hatt problem med diabeter og generelt svekka immunsystem, og må ta mange piller og injeksjonar kvar dag,[28] og har sidan hatt fleire alvorlege operasjonar.[13][21]

I eit intervju sa Rea, «det er først når du vert alvorleg sjuk og nesten døyr og du er heime i seks månader at du brått forstår at dette er ikkje slik eg hadde tenkt å bli frå starten av. Alt du har gjort fell bort og du byrjar å tenkje på kvifor du var ein del av rockeindustrien».[13] Sjølv om plateselskapet tilbaud han millionar for å lage eit duettalbum med andre musikkstjerner,[12] hadde han lovd seg sjølv at om han vart frisk at, så skulle han attende til bluesrøtene sine,[17] og resultatet vart Dancing Down the Stony Road (2002) og han starta sitt eige plateselskap, Jazzee Blue label i 2003 for å frigjere seg frå forventingane til plateselskapet.[13][12]

Sidan då har han gjeve ut bluesalbuma Blue Street (Five Guitars) (2003), Hofner Blue Notes (2003), The Blue Jukebox (2004),[13] og i 2005 Blue Guitars, ei samling på 11 plater med 137 bluesinspirerte songar, og hans eigne måleri som plateomslag.[22] Rea sa «eg var aldri ei rock- eller popstjerne og all sjukdomen har vore min sjanse til å gjere det eg alltid ønskte med musikken min [...] den beste endringa for musikken min har vore å konsentrere meg om det som verkeleg interesserer meg».[22]

2006 til i dag: Fleire bluesalbum og turnear endre

 
Santo Spirito-turneen (2011)
 
Santo Spirito-turneen (2011)

I februar 2008 gav Chris Rea ut eit nytt album, The Return of the Fabulous Hofner Blue Notes (tileigna Hofner-gitarane frå 1960-pra), med 38 nye songar på tre CDar og to vinylplater, og ei lita bok med måleria hans.[13] Under skrivinga av albumet, dikta Rea opp eit band som aldri har eksistert, ei instrumentalgruppe frå seint i 1950-åra kalla The Delmonts. Etter albumet la Rea ut på turné i Europa. Bandet vart introdusert som «The Delmonts featuring Chris Rea» og dei spelte mellom anna i Royal Albert Hall i London.

I oktober 2009 gav Rhino ut eit nytt, dobbelt samlealbum Still So Far to Go med somme av dei mest kjende (og mindre kjende) hittane hans frå dei siste 30 åra, i tillegg til nyare songar frå «blues»-perioden hans.[22] Det kom òg ut med to nye songar, «Come So Far, Yet Still So Far to Go» og balladen «Valentino».[22] Albumet vart ein suksess og nådde åttandeplassen på albumlista i Storbritannia, og selde til gullplate. I januar 2010 la Rea ut på ein europeisk turné, kalla «Still So Far to Go».[22]

I september 2011 gav Chris Rea ut Santo Spirito Blues, med to lange filmar på DVD skrive og regissert av Rea, og to CDar med filmmusikk, i tillegg til eit album med studiosongar.[29] I oktober og november det året hadde han to nye operasjonar.[30] Den 3. februar 2012 byrja Santo Spirito-turneen i Hamburg i Tyskland.

I november 2014 la Rea ut på ein europeisk turné kalla The Last Open Road.[31] Han spelte òg på Montreux Jazz Festival i 2014.

Personleg liv endre

Rea er gift med Joan Lesley, som han har vore saman med sidan dei var 16 år gamle i Middlesbrough.[22] Dei har to døtre, Josephine, fødd i 1983, og Julia Christina, fødd i 1989.[13][17]

Rea er ein stor fan av historiske billøp og køyrer sjølv billøp med ein Ferrari Dino,[28] ein Ferrari 328,[32] og ein Lotus 6 frå 1955,[33][32][34] mellom anna på Monza-banen.[35] Han eigde og køyrde billøp med ein Lotus Elan 26R frå 1964,[36][32][37] og den kjende Caterham 7 på plateomslaget til Auberge.[38]

Andre interesse han har er kunstmåling og hagearbeid.[35]

Filmar endre

Rea skreiv tittelsporet og musikken for dramafilmen Soft Top Hard Shoulder frå 1993.[39][40] Han skreiv manus og musikk for filmen La Passione i 1966 og hadde ei lita rolle i filmen.[10] Rea var ein av hovudrollene i komedien Parting Shots frå 1999 i lag med Felicity Kendal, John Cleese, Bob Hoskins og Joanna Lumley.[15] Rea spelte ein person som hadde fått kreft og hadde seks veker igjen å leve, og ønskte å ta livet av dei som hadde øydelagd livet hans.[10][15] Afterwards, for the album projects Blue Guitars were done four hour-long films, while for the Santo Spirito Blues two feature-length films, just «so that I could do the music».[15]

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Chris Rea.

Studioalbum endre


Samlealbum endre


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 800–801. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. «www.ChrisRea.nl • Update on 2006 tour». Chrisrea.nl. 15 November 2005. Henta 12. november 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Roberts, David (2005). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited. s. 60. ISBN 1-904994-00-8. 
  4. «Programmes | Breakfast | 'Still so far to go'». BBC News. 5 October 2009. Henta 12. november 2015. 
  5. «Bee Gees Head Lists For 6 Grammy Awards». Daytona Beach Morning Journal. The News-Journal Corporation. January 9, 1979. Henta 12. november 2015. 
  6. Gregory, Andy, red. (2002). The International Who's Who in Popular Music 2002. Psychology Press. s. 424. ISBN 978-1857431612. 
  7. «1988 Brit Awards». Awards & Winners. Henta 5 August 2015. 
  8. «1989 Brit Awards». Awards & Winners. Henta 5 August 2015. 
  9. «1990 Brit Awards». Awards & Winners. Henta 5 August 2015. 
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 354–355. ISBN 0-85112-072-5. 
  11. 11,0 11,1 Robson, Dave (10 December 2010). «Teesside ice cream legend Camillo Rea dies». Gazette Live. Henta 12. november 2015. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Keith Shadwick (26 March 2004). «Chris Rea: Confessions of a blues survivor». The Independent. Henta 12. november 2015. 
  13. 13,00 13,01 13,02 13,03 13,04 13,05 13,06 13,07 13,08 13,09 «Middlesbrough superstar Chris Rea speaks exclusively about recovering from illness and his return to touring». ne4me. 5 March 2010. Arkivert frå originalen 5. april 2015. Henta 12. november 2015. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 «Singer Chris Rea: 'Coping with not having a pancreas can be pretty awful'». Belfast Telegraph. 28 November 2014. Henta 12. november 2015. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 15,5 15,6 Graham Young (5 November 2014). «Chris Rea says Birmingham NIA gig will be a 'holiday' from fighting pancreatic cancer». Birmingham Post. Henta 30 March 2015. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 John Walsh (3 May 1997). «The reluctant rocker». The Independent. Henta 12. november 2015. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 Will Hodgkinson (13 September 2002). «Chris Rea interview». The Guardian. Henta 12. november 2015. 
  18. 18,0 18,1 Auf Wiedersehen, Pet..., Q Magazine, February 1988, p.33
  19. 19,0 19,1 Record Collector, December 1986, No.88, p.39
  20. Graham Young, Mieka Smiles (5 November 2014). «'I’ve had five operations but I just keep going and I’m very lucky for that': Chris Rea on his long fight against cancer». Gazette Live. Henta 30 March 2015. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Garth Pearce (29 September 2009). «If cancer hadn't nearly killed me, I’d be just another selfish celebrity egomaniac, says Chris Rea». Daily Mail. Henta 12. november 2015. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 22,6 «Chris Rea, past, present and future». Saga. Arkivert frå originalen 5. april 2015. Henta 12. november 2015. 
  23. "Auf Wiedersehen», Pet..., Q magazine, February 1988, p.33-4
  24. «Rock: torna Chris Rea Un tour anche in Italia» (på italiensk). Corriere della Sera. 2 February 1998: 24. Henta 31 March 2014. 
  25. «Chris Rea operato d' urgenza: tolto il pancreas» (på italiensk). Corriere della Sera. 4 August 2000: 34. Henta 31 March 2014. 
  26. «Chris Rea plays North East gigs». BBC News. 18 March 2010. Henta 31 March 2014. 
  27. Rebecca Fletcher (28 September 2002). «Interview: Chris Rea - My Road To Hell; How a Near-Death Experience Made Singer Chris Rea Realise What He Really Wanted out of Life.». The Mirror. Henta 31 March 2014. 
  28. 28,0 28,1 Gavin Martin (2 October 2009). «Chris Rea's fighting fit and raring to go». Blogs.mirror.co.uk. Arkivert frå originalen 21. oktober 2013. Henta 12. november 2015. 
  29. «Chris Rea announces Santo Spirito tour». Music-News. 7 February 2012. Henta 12. november 2015. 
  30. «Chris Rea: There's no escape from the road to». Kyiv Weekly. 13 February 2012. Arkivert frå originalen 1. oktober 2015. Henta 12. november 2015. 
  31. «Chris Rea Announces December 2014 UK tour». gigwise.com. 8 April 2014. Henta 1 August 2014. 
  32. 32,0 32,1 32,2 Rob Widdows (September 2009). «The Racing Bluesman». Motor Sport. Henta 12. november 2015. 
  33. «The aim is to beat Chris Rea». Stirling Moss. 25 July 2010. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 12. november 2015. 
  34. «Chris Rea». Forums.atlasf1.com. Henta 12. november 2015. 
  35. 35,0 35,1 Paula Kerr (20 April 2012). «My haven: The musician and aspiring painter, Chris Rea, 61, draws inspiration from the garden of his Berkshire home». Daily Mail. Henta 12. november 2015. 
  36. «Historic Race Meeting - Donington Park» (PDF). Historic Sports Car Club (HSCC). 5 April 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2015. Henta 12. november 2015. 
  37. «1964 Lotus 26R». Jan B. Lühn. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 12. november 2015. 
  38. Martin Buckley (11 December 2009). «Graham Nearn: Engineer and businessman behind the Caterham Seven sports car». The Independent. Henta 12. november 2015. 
  39. «Soft Top, Hard Shoulder - double BAFTA-winning comedy starring Peter Capaldi». Vimeo. Henta 29 December 2013. 
  40. Jim White (28 January 1993). «Hello? Is anybody out there?: Chris Rea: Wembley Arena». The Independent. Henta 30 December 2013. 

Bakgrunnsstoff endre