Jostedalsrypa er ei segn om tilhøva i Jostedalen i tida etter Svartedauden. I segna vert det skildra korleis folk prøvde å koma seg vekk frå pesten. Til slutt var det berre ei jente som var levde att av menneska i dalføret. Liknande forteljingar går att i ei rad segner om Svartedauden landet rundt.

Historia om Jostedalsrypa seier at ho var dotter i ein stormannsfamilie frå Sogn, som busette seg i Jostedalen for å sleppa unna Svartedauden saman med fleire av dei rikaste familiane i Sogn. Dei nye innbyggjarane prøvde å isolera seg fullstendig frå omverda for å sleppa unna pesten. Trass i dette nådde pesten fram til dalen. Etter pestherjinga var det i fylgje segna nokre menneske som tok seg opp til Jostedalen for å sjå om folket der hadde overlevd. Då dei kom til dalen kunne dei sjå at det ikkje var røyk frå husa, og at alle innbyggjarane var døde. Då dei kom til ein av de mest avsides gardane i dalen fann dei fotspor i snøen. Då dei fylgde desse spora, fann dei ei lita jente som var i live.

Jenta vart så med desse menneska attende til sivilisasjonen. Nokre versjonar av segna seier at ho gifta seg med ein dansk rikmann og flytta til Danmark. Andre seier at ho busette seg ved Gaupnefjorden, der ho vart gift. Slekta etter henne, som vart gjæv og mektig, kalla dei rypeslekta.

Ei anna segn fortel at ho gjekk over Jostedalsbreen og kom att i Bråtå, ein dal vest i Skjåk kommune. Der gifta ho seg og fekk mange etterkommarar for å folkesette dalen att.

Bakgrunnsstoff endre