Jostein Bakke (fødd 29. november 1972)[1] er ein norsk geolog. Han er professor ved Universitetet i Bergen, institutt for geovitenskap, der han arbeider med kvartære geosystem (kvartærgeologi).

Jostein Bakke
Fødd29. november 1972
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, forskar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Bergen

Bakke tok doktorgraden i 2004 med avhandlinga Late Weichselian and Holocene glacier fluctuations along a coastal south-north transect in Norway – climatic and methodological implications.[1][2]

Jostein Bakke har undersøkt moglege konsekvensar av at Folgefonna minkar i det området han voks opp og dreiv som breførar

Jostein Bakke har kartlagt landskapet under Folgefonna der det ligg 30-40 skjulte innsjøar og desse kan komme til syne når Folgefonna minkar. Bakke fryktar at når isbreen i framtida kalvar i desse innsjøane kan det skape ei flodbølge og naturkatastrofe for bygdene langs fjorden nedanfor.[3]

Bakke er frå Jondal, der han i 1994 skipa Folgefonna breførarlag.[3]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Jostein Bakke, Universitetet i Bergen 
  2. Bre- og klimavariasjoner frå Folgefonna til Lyngen, Universitetet i Bergen 
  3. 3,0 3,1 «Krympar raskt i varmen». Stavanger Aftenblad. 31. august 2012. s. 8.