Jondal
Jondal er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Staden var kommunesenter i tidlegare Jondal kommune fram til 1. januar 2020 da kommunen vart slegen saman med Odda kommune og Ullensvang herad til nye Ullensvang kommune. Vegane som kjem frå alle bygdene i Jondal kommune møter kvarandre midt i sentrum. Det er òg ferjesamband frå Jondal til Tørvikbygd. Tettstaden har 399 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Jondal | |||
tettstad | |||
Jondal
Foto: Helge Gunnar Byrkjeland | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Areal | 0,59 km² | ||
Folketal | 399 (2017) | ||
Folketettleik | 676 / km² | ||
Postnummer | 5627 JONDAL | ||
Innbyggjarnamn | jondøl(ing) | ||
Preposisjon | i Jondal | ||
![]() Jondal | |||
Wikimedia Commons: Jondal (village) | |||
Bygningar og fasilitetar Endra
I og med at Jondal var kommunesenteret, ligg det tidlegare kommunehuset her, samt dei fleste av butikkane i kommunen. Frå og med skuleåret 2006-2007 hadde Jondal kommune berre éin skule, Jondal skule, som ligg i sentrum av tettstaden, på nordsida av Jondalselva, som deler bygda i to. Dette er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 150 elevar, SFO, gymsal og symjehall. Skulen ligg side om side med Jondal Barnehage og kulturskulen i Jondal, som begge har eigne bygg. Aldersheimen Vikevollen ligg rett over vegen for skule og barnehage. På sørsida av Jondalselva ligg turistinformasjonen i Jondal.
Jondal kyrkje ligg òg i tettstaden Jondal.