Jostein Berntsen
Jostein Berntsen (fødd 5. februar 1943) er ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Rennebu i Sør-Trøndelag. I tida 1977-89 representerte han fylket og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Jostein Berntsen | |
Fødd | 5. februar 1943 (79 år) Rennebu |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, bonde |
Far til Berntsen var gardbrukar. Sjølv gjekk han både på Jordbruksskolen for fjellbygdene, på Skjetlein jordbruksskole og Meldal yrkesskole. Berntsen arbeidde deretter på Hvam landbruksskole og var så arbeidsformann i eit anleggsgartnarfirma i Trondheim. År 1969 tok han over gardsbruket Skugglia i Rennebu og dreiv det til 1999.
Berntsen engasjerte seg i Arbeidarpartiet og var medlem av Rennebu kommunestyre 1972–77. Gjennom stortingsvalet 1977 vart han vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag, og vart attvald ved dei to neste stortingsvala. Dei fyrste åtte åra var han medlem i Landbrukskomitéen, frå 1985 i Samferdslekomiteen.