Jul i Trøndelag
Jul i Trøndelag er eit nynorsk julehefte som har vorte utgjeve sidan 1935.[1] Utgjevar er Trønderlaget, ei samanslutning av mållaga i Trøndelag sør for Namdalen. Opplag i 2012 er 4000.
Kjende skribentar skriv jamsides debutantar som prøver seg for første gong. Ander Moe-Rognhaug sat som redaktør i 27 år. Han skreiv mykje i bladet, og hadde mange illustrasjonar. I dag er Espen Tørset redaktør (2017).
Heftet vert seld av lokale mållag og lokale bokhandlarar.
Jul i Trøndelag var òg namnet på eit julehefte som vart utgjeve av Trondhjems Typografiske Forening 1921-1929.
Kjelder
endre- Nabonytt Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- Nasjonalbiblioteket
- Jul i Trøndelag 2017
Fotnotar
endre- ↑ Nasjonalbiblioteket