Julekort
Julekort er kort med illustrasjon og julehelsinger som ein sender ut til slekt og vener. Dei kan vere enkle eller doble, og dei kan sendast med eller utan konvolutt. Både heimelaga kort og ferdig trykte kort med julemotiv er vanleg. Ofte sendast dei med posten, men dei seinare åra har også elektroniske julekort kome i bruk. Ifylgje tal frå posten sender kvar av dei norske husstandane i snitt 8-10 julekort i året.
Historikk
endreSkikken med julekort skal ha starta med julekortet teikna av den britiske kunstnaren John Calcott Horsley (1817–1903) og vart utgjeve i England i 1843. Det framstilte ein familie som sat samla kring julebordet og heva dei fylte glasa sine samstundes som dei ønskte mottakaren av kortet ein gledeleg jul.[1]
Så vidt vi veit, kom dei fyrste norske julekorta i 1883. Det aller fyrste norske ein kjenner til er frå 1870.[2] Rundt 1900 var skikken nokså utbreidd også i Noreg.
Elektroniske julekort
endreElektroniske julekort er julehelsinger sende ut ved hjelp av ein mobiltelefon eller over Internett. Etterkvart som internett har vorte vanleg i heimane, har skikken med elektroniske julekort gripe om seg.
Kjelder
endre- ↑ «julekort». Store norske leksikon. Henta 11. november 2014.
- ↑ Olav Bø, side 56
Litteratur
endre- Olav Bø (1974). Vår norske jul. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 8252110762.