Opna hovudmenyen
Dansk julemerke frå 1904

Julemerke er eit spesielt frimerkeliknande klistremerke, som er nytta til juleposten. Det var opphavleg oppfunne for å samle inn pengar til barn med tuberkulose. I motsetnad til julefrimerke har eit julemerke ingen frankeringsverdi.

Det første julemerket var dansk og vart sendt ut den 6. desember 1904 etter en idé av postmeistar Einar Holbøll. I Noreg har det tradisjonelt vore religiøse og humanitære organisasjonar som har sendt ut julemerke, mellom andre Norske Kvinners Sanitetsforening, Den Norske Sjømannsmisjon og Norges Røde Kors. Julemerker kom på marknaden i Noreg i 1906.

Sjå ògEndra

KjelderEndra