Tuberkulose

vitskapeleg artikkel

Tuberkulose eller TB er ein sjukdom som kjem av bakteriane Mycobacterium tuberculosis, Mycobacterium africanum eller Mycobacterium bovis. Bakterien kan angripe ein kva som helst slags del av kroppen, men han affekterer som regel lungene.

Tuberkulose

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD014376
Å venje folk av med skikken å sputte kring alle stader var ein del av arbeidet med å stoppe sjukdommen i Noreg på fyrste del av 1900-talet, og små skilt frå Norske kvinners sanitetsforening som minna ein på at ein ikkje måtte sleppe klysene på golv og i trapper, vart sette opp landet rundt.
Foto: Sean Hayford O'Leary

TB var ein frykta sjukdom som tok livet av mange menneske. Rundt førre hundreårsskifte (1900) tok han livet av 6–7 000 nordmenn årleg. På 1940-talet oppdaga forskarar dei fyrste av fleire medisinar som kan behandle TB. Tuberkulose var på veg til å forsvinne, men ser no ut til å ha fått eit oppsving.

I dag er rundt 400 000 menneske i Noreg smitta av tuberkulose. Dei fleste er smitta før 1950, eller dei er innvandrarar som er smitta før dei kom til Noreg. 1,7 milliardar menneske er smitta på verdsbasis, og rundt 2 millionar menneske døyr kvart år.

TB spreier seg via luftsmitte frå ein person til ein annan, og er ikkje særleg smittsam under gode hygieniske tilhøve. Bakterien vert spreidd til lufta når ein person med TB nys eller hostar, og så pustar personar rundt inn denne lufta. Dette vert kalla dropesmitte. Den kan då setje seg i lungene til den som vert smitta, og vekse opp der. Derfrå kan bakterien via blodet vandre til andre delar av kroppen slik som nyrene, ryggmergen, sentralnervesystemet og hjernen.

Folk med latent TB-infeksjon har ingen symptom og spreier heller ikkje smitte så lenge sjukdomen er latent. Dei får ofte postivt utslag på tuberkulintest. Dei kan likevel utvikle tuberkulose seinare i livet dersom dei ikkje får behandling.

I Noreg vert tuberkulintest brukt i stor grad for å overvake spreiinga til bakterien. Det vert registrert ca. 250 nye tilfelle i året her i landet. BCG-vaksinen har vorte gjeven til alle 9.-klassingar for å unngå at desse vert smitta i utgangspunktet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre