Julie Andem
Julie Annette Rovelstad Andem (fødd 4. juli 1982) er ein norsk manusforfattar, regissør og TV-produsent.[1]
Julie Andem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juli 1982 (42 år) Oslo |
Yrke | TV-regissør, manusforfattar |
Julie Andem på Commons |
Andem står blant anna bak ungdomsserien Skam på NRK. Ho har tidlegare jobba med seriar som Sara, MIA og Jenter. Saman med Mari Magnus vann ho Gullruten 2016 for årets innovasjon for serien Skam.[2] Ho var i tillegg nominert i klassa beste regi TV-drama og sjølve serien vann totalt fem prisar. Andem vann to fagprisar under Gullruten 2017: beste manus - drama og beste regi - drama og var nominert til Gullruten 2018: beste manus TV-drama, alle for Skam .
Andem har vore tilsett i NRK sidan 2007.
Prisar
endre- Gullruten 2016 i klassa årets innovasjon for Skam
- Gullruten 2017 i klassa beste manus - drama for Skam
- Gullruten 2017 i klassa beste regi - drama for Skam
Referansar
endre- ↑ «Intervju med Julie Andem i Rushprint». 4. april 2016. Henta 7. desember 2016.
- ↑ «NRK gjorde rent bord på Gullrutens fagpris». Henta 11. april 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Julie Andem» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.