Julija Petsjonkina

Julija Sergejevna Petsjonkina (fødd Julija Nosova21. april 1978) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnojarsk som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Ho vann VM-gull på 400 meter hekk og i 4x400 meter stafett under VM 2005. Perioden 2001-07 tok ho ein medalje på langhekken i samtleg fire verdsmeisterskapane.

Julija Petsjonkina


Verkeleg namn Юлия Сергеевна Печёнкина
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 21. april 1978 (45 år)
Krasnojarsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Julija Nosova fekk sitt gjennombrot ved friidretts-VM i Edmonton i 2001, der ho vann sølvmedaljen på 400 meter hekk og sprang andre etappen på Russland sitt bronselag på 4x400 m stafett. To år seinare vart medaljehausten omsnudd i det neste VM i friidrett; i Paris-VM fekk ho sølv på den lange stafetten og bronse på langhekken. Tre veker før meisterskapen i Paris sette ho i Tula verdsrekord på 400 m hekk med 52,34 sekundar, ein rekord som har stått vedlag. Under sommar-OL 2004 vart Petsjonkina nummer åtte og sist i langhekkfinalen.

Petsjonkina vart ein av forgrunnsfigurane under VM i friidrett 2005 i Helsingfors. Ho presterte årsbeste i verda då ho den 13. august vann 400 m hekk på tida 52,90 sekundar. Dagen etter sprang ho startetappen for Russlands lag på 4 x 400 meter stafett. Saman med Olesja Krasnomovets, Natalja Antjukh og Svetlana Pospelova syrgde ho for ein suveren siger til Russland.

I 2007 vann Petsjonkina sølvmedaljen på 400 m hekk under friidretts-VM i Osaka med tida 53,50. Ho la opp i 2009.

Kjelder endre