Julius Richard Petri

Julius Richard Petri (31. mai 185220. desember 1921) var ein tysk bakteriolog og kirurg som hovudsakleg er kjend for å ha funne opp petriskåla. Dette skjedde i 1887, medan han arbeidde som assistenten til Robert Koch.

Julius Richard Petri

Statsborgarskap Kongedømet Preussen, Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken
Fødd 31. mai 1852
Barmen
Død

20. desember 1921 (69 år)
Zeitz

Yrke biolog, kirurg
Språk tysk
Medlem av Kaiserliches Gesundheitsamt, Pépinière-Corps
Julius Richard Petri på Commons

Liv og karriere

endre

Pertri studera fyrst medisin ved Kaiser-Wilhelm-Academy for militære legar (1871-1875) og fikk sin medisinske grad i 1876. Han fortsette studia på Charitè Hospital i Berlin og var i aktiv teneste som militærlege fram til 1882. Etter det fortsette han som ein reservist.