Ei petriskål er ei standardbehaldar innanfor mikrobiologien. Dei vert laga av glas eller plast, og består av to runde skiver med kantar rundt som passar i kvarandre som eit laust lokk. Når petriskåla er lukka, er ho såleis ein effektiv måte å hindra ureining av prøva som er i ho.

To petriskåler med agar.

Namnet sitt har skåla fått frå mikrobiologen Julius Richard Petri, som utvikla ho i 1887 då han arbeidde som assistenten til Robert Koch.

Petriskåler vert hovudsakleg brukt til å dyrka bakterie- eller andre cellekulturar, ofte i agar.

Kjelder endre