Junge
Ein junge er ein faldekniv med messingskaft. Han har vorte brukt under måltidet, særleg ved finare samankomstar. Jungane vart laga av gjørtlarar. Det var nemninga på massingstøyparar på 1700-talet, og først på 1800-talet.
Dei viktigaste områda for produksjon av jungar i Noreg var Fåberg, Sør-Trøndelag og Nordvestlandet.
Jungane hadde ulik utsjånad etter kvar dei var laga. I Gudbrandsdalen vart dei gjerne sandstøypte med akantusmønster. I Trøndelag vart dei graverte. Vestlandjungane var store og grove. Blada var fjørbelasta slik at jungen heldt seg oppslegen. Det vart laga slike knivar både for menn og kvinner.
Blada er tynne og breie og utan spiss.
Nemninga «junge» har vorte brukt om bordknivar etter at det vart slutt på faldeknivar ved bordet.
Kjelder
endre- Harald Kolstad: Gamle redskaper Små antikviteter. N.W.Damm & SØN AS. 2002. ISBN 82-496-0445-8