Opna hovudmenyen

Messing

substitusjonslegering av kopar og sink
Eit skinande blankt kanonløp i messing.
Ein noko oksidert messingpropell.

Messing er ei legering med kopar og sink som hovudelement. Messing inneheld vanlegvis 10-40 % sink. Legeringa kan òg ha andre tilsatsmateriale, som tinn, aluminium, jern og bly. Messing er eit slitesterkt materiale med gyllen overflate og vert mykje brukt til dekorative føremål.

Metallet er òg eit viktig material for messingblåseinstrument.

TettleikEndra

Den vanlege legeringa CuZn37 har ein massetettleik på om lag 8 400 kg/m3.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.