Just Like Us!
Studioalbum av Paul Revere & the Raiders
Utgjeve 3. januar 1966
Innspelt 1965
Sjanger Poprock, rock and roll, garasjerock, proto-punk[1][2]
Lengd 30:19
Selskap Columbia, Sundazed
Produsent Terry Melcher
Paul Revere & the Raiders-kronologi
Here They Come!
(1965)
Just Like Us! Midnight Ride
(1966)


Just Like Us! er det fjerde studioalbumet til den amerikanske poprockgruppa Paul Revere & the Raiders. Det var produsert av Terry Melcher og gjeven ut den 3. januar 1966 på Columbia Records. Det inneheldt den amerikanske hitsingelen «Just Like Me». I motsetnad til dei seinare albuma deira, der Mark Lindsay var den fremste songaren, delte bandet vokalen mellom seg på Just Like Us!, og både Lindsay, gitaristen Drake Levin, bassisten Phil Volk og trommisen Mike Smith song på plata.[2] Dette var det siste albumet deira med coverlåtar. På det neste albumet, Midnight Ride, var det i stor grad sjølvskrivne songar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Utgjeving og mottakingEndra

Just Like Us! var det første albumet til bandet etter dei hadde byrja å spele fast på fjernsynshowet Where the Action Is.[2] Albumet nådde femteplassen på Billboard 200-lista.[4] Det selde til gullplate hos Recording Industry Association of America (RIAA) den 6. januar 1967.[5] Bileta på plateomslaget vart tekne av Guy Webster på ranchen til Clark Gable i Encino i California.

Albumet vart gjeve ut med ny digital lyd den 19. mai 1998 av Sundazed Records og med ekstra bonusspor.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Steppin' Out»  Mark Lindsay, Paul Revere 2:13
2. «Doggone»  Marvin Tarplin, Smokey Robinson, Warren Moore 2:50
3. «Out of Sight»  Ted Wright 2:35
4. «Baby, Please Don't Go»  Big Joe Williams 2:30
5. «I Know»  Barbara George 2:30
6. «Night Train»  Jimmy Forrest, Lewis P. Simpkins, Oscar Washington 2:30
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Just Like Me»  Richard Dey, Roger Hart 2:23
8. «Catch the Wind»  Donovan Leitch 2:00
9. «(I Can't Get No) Satisfaction»  Mick Jagger, Keith Richards 3:18
10. «I'm Crying»  Alan Price, Eric Burdon 3:05
11. «New Orleans»  Frank Guida, Joseph Royster 2:57
12. «Action»  Steve Venet, Tommy Boyce 1:28
Bonusspor på Sundazed-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
13. «Ride Your Pony»  Naomi Neville 2:44
14. «Just Like Me»  R. Dey, R. Brown 2:34
15. «B.F.D.R.E. Blues»  R. Hart 5:07

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Liste (1966) Plassering
U.S. Billboard 200[4] 5

KjelderEndra

  1. «Paul Revere & the Raiders - Bio». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Just Like Us! - Review». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  3. Brackett, Nathan; Hoard, Christian (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York: Fireside Books (Simon & Schuster). s. 689. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  4. 4,0 4,1 «Paul Revere & the Raiders - Charts & Awards - Billboard Albums». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 2. mai 2018. 
  5. «Gold & Platinum Search Results - Paul Revere & the Raiders». RIAA. Arkivert frå originalen 2015-09-24. Henta 2. mai 2018. 

BakgrunnsstoffEndra