Jutlamannen er ein fjellformasjon i Lærdal i Sogn. Formasjonen kan minna om eit troll med nasen i vêret,[1] og det er knytt lokale segner til han.[2]

Jutlamannen i Lærdal, teikning av Johannes Flintoe i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Segner endre

Ei segn fortel om då Olav den heilage reid gjennom Lærdal i 1023. Ho fortel at då skoen under eine foten til hesten hans losna, måtte han stiga av for å få festa skoen att. Då var det ein jutul og ei gyger oppe i lia som skratta og log. Olav vart harm og svara: «Statt de der i stokk og stein, og ver ikkje folk til mein». Både jutulen og gygra vart då til stein. «Gygra» ramla ned rundt 1800, men jutulmannen står mot himmelsynet den dag i dag. Segna finst i fleire variantar.

Ei anna segn fortel at Odin laga to svarte merke i fjellet ved Ljøsnaveiti med vognhjula sine då han skulle vitja Jutlamannen.[2]

Bildekunst endre

Det mest kjende måleriet av Jutlamannen er i Fugleværelset på Slottet i Oslo, og er måla av Johannes Flintoe på 1840-talet. På det offisielle brurebiletet av kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette Marit står dei framfor veggmåleriet med Jutlamannen.

Kjelder endre

  1. Norsk turist guide 1989/90. Norsk turist guide. 1989. s. 351. ISBN 8290794010. ; Skoug, Stein Erik (1975). Kongeveien over Fillefjell: Vindhella og Galdane. Grøndahl. s. 92. ISBN 8250401476. 
  2. 2,0 2,1 Christensen, Olav (1955-2014) (2000). Bergteken: nye vegar til gamle segner. Aschehoug. s. 97, 101. ISBN 8203184375. 

Bakgrunnsstoff endre