Koordinatar: 59°55′1.2000″N 10°43′40.181″E

Slottet er nemninga på den offisielle bustaden til den norske kongen. Det ligg øvst på Karl Johans gate i Oslo, men har hatt adressa Drammensveien 1, seinare Henrik Ibsens gate 1, og no berre Slottsplassen, som har vorte det offisielle namnet på plassen framfor Slottet.

Slottet

Offisielt namnDet kongelige slott
KallenamnSlottet
AdresseSlottsplassen 1
0010 Oslo
StadOslo i Noreg
ArkitektHans Ditlev Franciscus von Linstow
Påbegynt1824
Opna26. juli 1849
Etasjar3
Rom173
Stilnyklassisistisk arkitektur
Kart
Slottet
59°55′1″ N 10°43′39″ E

Slottet er bustad og arbeidsplass for kongefamilien. Her tek kongen imot regjeringa i statsråd, tek imot audienssøkjande og held offisielle middagar. Utanlandske statsoverhovud som kjem til Oslo på statsvitjing, bur på Slottet. Dei fleste av dei tilsette ved Det kongelege hoffet har normalt den daglege arbeidsplassen sin her.

Historie endre

Slottet vart teikna av den danskfødde arkitekten Hans Ditlev Franciscus von Linstow, og er halden i klassisistisk stil. Det vart bygt for kong Karl III Johan (1763–1844, regjerte frå 1818), som er minna med ein ryttarstatue rett framfor bygningen. Men slottet stod ikkje heilt ferdig før i 1849, under Oscar I, og har ikkje vorte fullført i samsvar med dei opphavlege planane.

Planlegginga av slottet hadde teke til i 1821, og året etter la kongen sjølv fram ein stortingsproposisjon. Kostnaden vart rekna til 150 000 spesidalar, som vart skaffa gjennom sal av statsobligasjonar. Slottskommisjonen, som vart oppretta i 1823, fekk ansvaret for byggjeprosessen.

Slottet er eit kulturminne og har nummer 85500 i Riksantikvarens kulturminnebase. Om sommaren er delar av Slottet ope for publikum.

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre