Káren Elle Johansdatter Gaup (fødd 19. desember 1958 i Mierojávri i Kautokeino i Finnmark) er ein norsk samisk etnolog og kulturhistorikar med samisk språk og kultur som spesialområde.

Káren Elle Gaup
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1958 (65 år)
Yrke etnolog, forskar, kulturhistorikar
Politisk parti Norske Samers Riksforbund

Liv og virke

endre

Gaup vaks opp i ein reindriftfamilie og utdanna seg ved Universitetet i Oslo med ein eksamen 2003 i økonomi, administrasjon/offentleg forvalting, samiske språk og etnologi.

Frå 2014 har Gaup vore tilsett ved Norsk Folkemuseum i Oslo som prosjektleiar for Bååstede - tilbakeføring av samisk kulturarv.[1] Før det var ho i perioden september 2007 til februar 2014 direktør for RiddoDuottarMuseat i Karasjok. Frå 2003 til 2007 var ho forskar ved Nordisk samisk institutt i Kautokeino med ansvar for feltet «tradisjonell kunnskap og landskap».[2]

Kjelder

endre