Kåfjorden i Alta
fjord i Alta i Finnmark
Kåfjorden (samisk Njoammelgohppi) er den inste delen av Altafjorden i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 7 km sørvestover til Borani i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Auskarnes i nordvest og Saltvikneet i søraust, like vest for sjølve Alta. Grenda Kåfjord ligg på vestsida av fjorden. På austsida går Kvervika sørover til Kvernvik, ein forstad til Alta.
E6 går langs vestsida av fjorden og kryssar fjorden ved Innerstrømmen.
69°56′46.741″N 23°3′51.923″E / 69.94631694°N 23.06442306°E