Kérkyra
Lokalt namn Κέρκυρα

Gamlebyen i Kérkyra
Geografi
Kérkyra by is located in Hellas
Kérkyra by (Hellas)
Stad Dei joniske øyane
Koordinatar 39°37′N 19°55′E / 39.617°N 19.917°E / 39.617; 19.917

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei joniske øyane
Kérkyra
Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane
Hovudsete Kérkyra (23 541 innb.)
Demografi
Folketal 40 047 (2021[1])

Kérkyra (gresk Κέρκυρα) er hovudstaden på øya Kérkyra, i periferieininga Kérkyra og i periferien Dei joniske øyaneHellas. Kérkyra by var tidlegare eigen kommune. Han vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.[2][3]

Byen ligg sentralt på austsida av øya og er ein stor turistattraksjon. Byen har vorte kalla Kastropolis på grunn av dei tre festningane som ligg her. I 2007 vart gamlebyen skrive inn på UNESCO si verdsarvliste.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Kérkyra by 40 047 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 23 541 innbyggjarar.[1]

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre