Köchel-Verzeichnis

(Omdirigert frå Köchel-nummer)

Köchel-Verzeichnis, forkorta KV, er eit system for nummerering av komposisjonane til Wolfgang Amadeus Mozart. Det blei opphavleg utarbeidd av den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Köchel. Systemet gjev kvart verk av Mozart eit KV-nummer i så kronologisk rekkjefølgje som råd.

Köchel gav ut sin første katalog over Mozart sine verk i 1862. Katalogen er blitt revidert fleire gonger, med dei to viktigaste revisjonane av Alfred Einstein i 1937) og av Franz Giegling, Gerd Sievers og Alexander Weinmann med den 6. utgåva (K6) i 1964.

Dei første verka i katalogen er pianokomposisjonar frå Nannerl Notenbuch, skrivne i 1761 då Mozart var 5–6 år. Det siste i den opphavlege katalogen er Rekviem, med Köchel-nummer 626.

Kjelder endre