Rekviem av Mozart
Rekviem i d-moll (K. 626) av Wolfgang Amadeus Mozart vart komponert i Wien i 1791 og ikkje gjort ferdig før han døydde den 5. desember det året. Verket vart skrive ferdig av Franz Xaver Süssmayr og gjeve til grev Franz von Walsegg, som hadde bestilt stykket anonymt etter at kona hans døydde den 14. februar.
K. 626 Messe av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Sjanger | Kormusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1791 | ||
Urframføring | 1772 | ||
Typisk lengd | 51:20 | ||
Satsar/akter | 14 | ||
Toneart | d-moll |
Det er eitt av dei mest myteomspunne musikkverka gjennom tidene, hovudsakleg på grunn av dei mange mytane og kontroversane kring det, særleg omkring kor mykje av stykket som var ferdig før Mozart døydde. Det signerte manuskriptet syner kva som faktisk var ferdig, men ein kjenner ikkje til kor mykje Süssmayr kan ha nytta seg av no tapte utkast for resten. Han hevda sjølv at han skreiv Sanctus og Agnus Dei. Walsegg hadde truleg tenkt å spreie rekviemet som sin eigen komposisjon, som han hadde gjort med andre verk, men dette vart forpurra då enka etter Mozart, Constanze, fekk verket framført offentleg. Skodespelet og filmen Amadeus medverka til myta omkring rekviemet, då bodbringaren til bestillaren var ein maskert Antonio Salieri som ønskte å kalle verket sitt eige.
Rekviemet er skriven for to bassetthorn i F, to fagottar, to trompetar i D, tre trombonear (alt, tenor & bass), pauker (to trommer), fiolinar, bratsj og basso continuo (cello, kontrabass og orgel). Vokalen bestod av sopran-, kontralt-, tenor- og bass-solistar og eit blanda kor.
Struktur
endreSussmayr-versjonen av rekviemet er delt inn i fjorten satsar:
- I. Introitus: Requiem aeternam (kor og sopran solo)
- II. Kyrie eleison (kor)
- III. Sequentia (tekst basert på delar av Dies Irae):
- Dies irae (kor)
- Tuba mirum (sopran, kontralt, tenor og bass solo)
- Rex tremendae majestatis (kor)
- Recordare, Jesu pie (sopran, kontralt, tenor og bass solo)
- Confutatis maledictis (kor)
- Lacrimosa dies illa (kor)
- IV. Offertorium:
- Domine Jesu Christe (kor med solokvartett)
- Versus: Hostias et preces (kor)
- V. Sanctus:
- Sanctus Dominus Deus Sabaoth (kor)
- Benedictus (solokvartett, så kor)
- VI. Agnus Dei (kor)
- VII. Communio:
- Lux aeterna (sopran solo og kor)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Requiem (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- C. R. F. Maunder (1988). Mozart's Requiem: On Preparing a New Edition. Oxford: Clarendon Press. ISBN 0-19-316413-2.
- Christoph Wolff (1994). Mozart's Requiem: Historical and Analytical Studies, Documents, Score. Berkeley: University of California Press. ISBN 0-520-07709-1.
- Brendan Cormican (1991). Mozart's death – Mozart's requiem: an investigation. Belfast, Northern Ireland: Amadeus Press. ISBN 0-951-03570-3.
- Heinz Gärtner (1991). Constanze Mozart : after the Requiem. Portland, Oregon: Amadeus Press. ISBN 0-931-34039-X.
- Requiem (2005) Decca Music Group Limited. Barcode 00028947570578
Bakgrunnsstoff
endre- Article on the Requiem på h2g2
- Requiem: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Eybler's and Süssmayr's amendments: partitur i Neue Mozart-Ausgabe
- Fritt tilgjengelege notar of Mozart's Requiem i Choral Public Domain Library (ChoralWiki)
- Mozart's Requiem: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.