Königstuhl er ein høg ås i Odenwald nær Heidelberg i Baden-Württemberg i Tyskland. Han er 567 meter høg og frå toppen har ein eit flott utsyn over Heidelberg og elva Neckar.

Königstuhl
fjell
Alte Brücke, Slottet Heidelberg og Königstuhl
Land  Tyskland
Område Baden-Württemberg
Fjellkjede Odenwald
Høgd 567 moh.
Koordinatar 49°23′53″N 08°43′34″E / 49.39806°N 8.72611°E / 49.39806; 8.72611
Kart
Königstuhl
49°23′53″N 8°43′34″E / 49.3981°N 8.72611°E / 49.3981; 8.72611
Wikimedia Commons: Königstuhl (Odenwald)

Åsen ligg ved Kornmarkt, gamlebyen i Heidelberg, og Heidelberg slott ligg i fjellsida. Astronomiinstituttet Max-Planck-Institut für Astronomie ligg nær toppen, og det same gjer det historiske astronomiske observatoriet Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl, som vart oppretta i 1898. Mellom 1912 og 1957 oppdaga Karl Wilhelm Reinmuth nesten 400 asteroidar frå dette observatoriet.

Kjelder endre