Koordinatar: 58°46′30″N 12°30′0″E

Köpmannebro er ein tettstad i svenske Melleruds kommun i Västra Götalands län i landskapet Dalsland. Han ligg ved E45 og Vänernbanen. Dalslands kanal startar ved Köpmannebro, som ligg ved ei vik av Vänern. Köpmannebro ligg vakkert mellom fleire sjøar. Innbyggjartalet var 76 i 2005.

Under andre verdskrigen, 7. -9. mai 1943, blei det halde eit viktig hemmeleg møte i fuglekonservator Kihlén sitt tidlegare atelier i Hökeliden i Köpmannebro mellom Milorg, den norske regjeringa i London og den norske legasjonen i Stockholm for å betre samarbeidet mot den tyske okkupasjonen.[1] Den svenske forsvarsstabens etterretningsvesen hadde Dalslandsbasen sin i dette huset, som dei lånte ut til nordmennene.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra