Köprüçay

(Omdirigert frå Köprüçay-elva)

Köprüçay, i antikken Eurymedon (gammalgresk Εὐρυμέδων), er ei elv i provinsen Antalya i Tyrkia som munnar ut i Middelhavet.

Köprüçay
elv
Eurymedondalen nær Selge, med den intakte romerske brua
Land  Tyrkia
Kart
Köprüçay
36°49′48″N 31°10′23″E / 36.8299°N 31.173°E / 36.8299; 31.173
Wikimedia Commons: Köprüçay River

Ved munningen slo general Kimon frå Den deliske ligaen persarane i slaget ved Eurymedon, som føregjekk både på land og til sjøs. I 190 fvt. slo ein romersk flåte leia av Lucius Aemilius Regillus den sevklidkse flåten til Antiokhos III den store, leia av Hannibal, nær elva.

Eurymedonbrua, som byggjer på fundament frå romartida, kryssar elva ved Aspendos. Lenger opp i elva kryssar ei anna romarbru Eurymedondalen.

Kjelder

endre