Provinsen Antalya

Provinsen Antalya (tyrkisk Antalya ili) ligg ved kysten av Middelhavet sørvest i Tyrkia, mellom Taurusfjella og Antalyabukta.

Antalya
Antalya ili
region
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Del av Antalya Subregion
Areal 20 723 km²
Folketal 2 092 537  (2012)
Folketettleik 101 / km²
Bilnummer 07
Retningsnummer 242
Kart
Provinsen Antalya
37°10′54″N 30°56′00″E / 37.181666666667°N 30.933333333333°E / 37.181666666667; 30.933333333333
Wikimedia Commons: Antalya Province

Provinsen Antalya er senteret for turisindustrien i Tyrkia og meir enn 30 % av dei utanlandske turistane som vitjar Tyrkia kjem hit. Antalya var den tredje mest vitja byen i verda i 2011, føre mellom andre New York. Antalya er den største internasjoanle feriebyen i Tyrkia. I Provinsen Antalya omfattar dei antikke landområda Pamfylia i aust og Lykia i vest. Han har ei 657 km lang kystlinje med strender, hamenbyar og antikke byar, inkludert verdsarvstaden Xanthos. Provinshovudstaden er byen Antalya med kring 1 million innbyggjarar.

Antalya er den provinsen i Tyrkia som veks raskast med ein årleg folkevekst på 4,17 % frå 1990 til 2000, samanlikna med 1,83 % for landet sett under eitt. Denne vaksen kjem av rask urbanisering, delvis driven av turisme og andre servicenæringar ved kysten.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Antalya

37°10′54″N 30°56′00″E / 37.18167°N 30.93333°E / 37.18167; 30.93333