Københavns havnebad

Københavns Havnebade er fellesnamn på dei tre sjøbada som ligg i hamneområda sentralt i København i Danmark. Det største og fyrste, som opna i 2002, ligg ved Islands Brygge som ein lut av Havneparken som er etablert her. Hamnebada er innreia med basseng med vatn frå sjøen ikring. Fleire hamnebad er under planlegging.

Hamnebadet ved Islands Brygge

Sjøvatnet i desse bada er like reint som sjøvatnet i Øresund, etter at det i lange tider har vore gjort mykje for å gjere vatnet i hamneområdet reinare. Men ved sterk nedbør kan likevel badevatnet verte ureina av avløpsvatn med colibakteriar og anna ureint vatn frå byen. Då stengjer helsestyresmaktene hamnebada mellombels i den kritiske tida, fram til sjøvatnet frå Øresund har erstatta det ureine vatnet på naturleg vis. Slik stenging vil kunne vare nokre døgn.

Bakgrunnsstoff endre