KNM
KNM (Kongeleg Norsk Marine) er det offisielle prefikset til alle krigsfartøy i den norske marinen. Prefikset vart ikkje nytta før i 1946, så alle skip i marinen før den tida, nytta aldri KNM. På engelsk vert det nytta HNoMS, som står for «His/Her Norwegian Majestys Ship». Dette tyder 'den norske majesteten sitt skip'.