Den Kongelege Norske Marine

Den Kongelege Norske Marine er det offisielle namnet på den maritime delen av Sjøforsvaret.

Historia til marinen kan trekkjast attende til leidangen i vikingtida. Det deltok svært mange norske sjøfolk og offiserar i den den dansk-norske marinen, og den var i periodar dominert av desse. Den sjølvstendige norske marinen vart oppretta 12. april 1814.

I 1814 var den norske marinen bygd opp av 49 kanonsjaluppar, 51 kanonjoller, sju orlogsbriggar, éin skonnertbrigg, åtte kanonskonnertar og to kuttarar. Sjøoffiserskorpset bestod av 39 mann i tillegg til 124 månadsløytnantar.

Nemninga Sjøforsvaret oppstod då Kystartilleriet og marinen vart samla under felles leiing. I dag er Kystartilleriet lagt ned i fredstid og Sjøforsvaret består berre av marinen.

Kvart år vert marinen sin dag feira i Bergen den helga som fell nærast etableringsdagen.

Kjelder endre