Kabriolet (av fransk cabriole, «bukkesprang») er ei karosserinemning for ein bil med kalesje eller metalltak som kan slåast ned.

Ein Saab 9-3 kabriolet.

Til skilnad frå ein roadster, som òg har nedfellbart tak, har ein kabriolet vindauge, slik at ein med vindauga oppsveiva og taket oppe sit verna for regn og liknande.

I barndommen til bilane var alle bilar kabrioletar, og det var ikkje før i 1910 at Cadillac kom med den fyrste overdekte bilen. Utanom visse konservative produsentar forsvann kabrioletane nesten heilt på 1970-talet, og det var ikkje før med Chrysler LeBaron og Saab 9001980-talet at dei fekk ein tilbakekomst.

Før bilane kom, var «kabriolet» nemninga på eit lett, to-hjula, einspent hestekøyretøy som hadde kalesje over setet.