Kafa
Kafa eller kaffa er eit afroasiatisk språk som blir tala i sonen Keficho Shekicho i regionen Southern Nations, Nationalities and Peoples Regional State (SNNPR) i det sørvestlege Etiopia, i og kring byen Bonga, jf. kartet til høgre.[2] Språket har 570 000 fyrstespråkstalarar (445 018 einspråkelege) og 46 720 andrespråkstalarar.[3]
Kafa Kafi noono | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Omotisk Nord Gonga Kafa–Shekkacho | |
Bruk | ||
Tala i | Etiopia | |
Kafatalande i alt | 835 000[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | kbr |
Kafa er eit omotisk språk, og høyrer til undergruppa gonga-språk av gruppa ta-ne-språk innanfor nord-omotisk.
Namnet på språket og folket
endreKafa er kjent i litteraturen som mellom anna kafa, kefa, kaffa, keffa, caffino og kaficho, men endonymet er kafí noonoó 'kafa-språket', der kafí er den avhengige forma av substantivet kafá, som er namnet på det gamle kongedømet til kafa-folket. Noonoó tyder 'språk; munn; opning'. Endonymet for ein person som høyrer til den etniske gruppa som talar kafa-språket, er kaféʃʃó (m.) / kaféʃʃé (f.) (Theil 2007).
Dialektar
endreTradisjonelt blir kafaspråket delt i desse seks dialektane: Gimbo, deechi, xalloo, manjiyoo, canni og geeshi.
Bibliografi
endre- Theil, Rolf 2007. Kafa phonology. Journal of African Languages and Linguistics 28 (2007), 193–216.
Fotnotar
endre- ↑ Folketeljinga i 2007, arkivert frå originalen 13. november 2012, henta 23. mars 2013
- ↑ Kart som viser utbreiinga til kafa-språket., arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 5. november 2009
- ↑ Jf. artikkelen om kafa-språket i Ethnologue.