Kaia Bruland-Nilssen

Karen Gunhilde Bruland-Nilssen (7. mai 186818. januar 1950) var ein norsk forfattar, omsetjar og redaktør kjend som Kaia Bruland-Nilssen

Kaia Bruland-Nilssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1868
Arendal
Død

18. januar 1950 (81 år)

Yrke skribent, redaktør, omsetjar

Ho var dotter av skomakermeister Thorsten Michelsen og Hanne Malane, fødd Hansen. Ho fekk namnet Bruland frå stefar sin, gullsmed Nils Bruland. Ho var gift med Henrik Nilssen, som utgav bladet «Skogstjernen» frå 1895. Kaia Bruland-Nilssen skreiv mange tekster som vart trykte i Skogstjernen.[1]

Ho starta den litterære karrieren som bidragsytar til det satiriske vekebladet Spidskuglen. Bøkene ho gav ut var for den meste skjønnlitteratur; romanar, noveller og poesi. Dei vart utgjevne dels under namnet Kaia Bruland, og dels som Kaia Bruland-Nilssen.[2]

I 1903 gav ho ut boka Aagot Vangen - et livsbillede på B. Omtvedts Forlag. Denne boka frå 1903 var ein biografi i roman-form om den unge bilethoggaren Aagot Vangen.[3]

I 1909 byrja ho som redaktør i bladet «Hjemmets Ven», ei stilling ho hadde til 1917. I perioden 1911-1914 var ho òg redaksjonssekretær i tidsskriftet «Hver 8. Dag».

Bøkene hennar fekk svært gode meldingar, og kom dels til i fleire opplag. Fleire av bøkene vart omsette til engelsk og svensk.[1]

Bibliografi endre

  • 1895: Violinspilleren : originalfortælling. Svensk oversettelse 1910.
  • 1896: Stedmoder og steddatter
  • 1897: Sjøgutten : original fortælling
  • 1898: Forstand og hjerte : fortælling.
  • 1899: Tante Ellen : fortælling. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1897, under tittelen Straffet stolthed.[1]
  • 1903: Aagot Vangen : et livsbillede
  • 1905: Dagmar Norgaards veninde. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1898.[1]
  • 1908: Skjærgaardsliv – fortælling
  • 1910: Familien Granli
  • 1915: Gutten som visste at hjelpe sig : vers
  • 1915: Ungdomskjærlighet – fortælling
  • 1917: Familiens yngste – fortælling. Denne boka gjekk først som føljetong i Skogstjernen i 1895-1896, under tittelen Vild som en gut.[1]
  • 1920: Alfhild Haug : fortælling
  • 1922: Et ægteskaps historie
  • 1929: Taushet som dræper
  • 1933: Liv Bille
  • Fra Midnatsolens land : digtsamling. Utgitt på 1900-talet.[1]
  • Glemte melodier: juleskisser. Utgitt på 1900-talet.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Terland, Ingrid (1988). Agder-forfattere gjennom tidene : en bibliografi. D. 1 : Skjønnlitterære forfattere født før 1900. Agder distriktshøgskole/Barnebokinstituttet. s. 86–88. ISBN 8271172093. 
  2. Terland, Ingrid. «Agder-forfattere gjennom tidene : en bibliografi. D. 1 : Skjønnlitterære forfattere født før 1900» (på norsk). Kristiansand: Agder dirstriktshøgskole / Barnebokinstituttet. s. 86–88. Henta 11. november 2021. 
  3. Bruland-Nilssen, Kaia. «Aagot Vangen : et livsbillede». Kristiania: B. Omtvedts Forlag.