Kaija Marja Mustonen (fødd 4. august 1941) er ein finsk tidlegare skeiseløpar frå Helsinki som vart olympisk meister på 1500 meter i 1968.

Kaija Mustonen

Kaija Mustonen med OL-gull i 1968
Statsborgarskap Finland
Fødd 4. august 1941 (82 år)
Helsingfors
Yrke skøyteløpar
Kaija Mustonen på Commons

Mustonen vart finsk meister sju år på rad, 1962-68. Internasjonalt slo ho gjennom i 1964-sesongen, då ho sikra seg sølv på 1500 m og bronse på 1000 m under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, sidan kom ho på fjerdeplassen i skeise-VM. Fire år seinare gjekk ho sterke løp i alle distanseøvingane då vinterleikane 1968 fann stad i Grenoble, etter sjetteplass på 500 m vann ho gullmedaljen på 1500 meter og heldt fram med å verte nummer fire på 1000 m og avslutta med sølv på 3 000 meter.

Kjelder endre