Kaija Parve (fødd 14. juni 1964), gift Helinurm, er ein tidligere skiskyttar frå Tallinn i Estland som representerte Sovjetunionen. Frå 1984 til 1988 vann ho to individuelle gullmedaljar i VM i skiskyting, samt fem strake stafettgull.

Kaija Parve
Statsborgarskap Estland, Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken
Fødd 14. juni 1964 (59 år)
Tallinn
Yrke skiskyttar
Ektefelle Marek Helinurm

Parve deltok i 1984 i den aller fyrste verdsmeisterskapen i skiskyting i franske Chamonix, der ho gjekk andre etappen for Sovjetunionen sitt gullag i 3 x 5 km stafett og vart nummer sju i 5 km sprint. Dei neste fire åra gjekk ho oftast andreetappen på Sovjetunionen sitt sigerrike stafettlag, alle fem gongane triumferte ho i lag med den vanlege ankerkvinna Venera Tsjernysjova, tre av åra var også Jelena Golovina med på gullrekka.

Under VM i skiskyting 1985 i sveitsiske Egg vann Parve også gull på 10 km og sølv på 5 km, på begge distansane med norske Sanna Grønlid som sterkaste konkurrent. Same sesongen enda ho på tredjeplass i verdscupen i skiskyting 1985. Også i 1986 vann Parve to gull i VM, omframt stafettgullet vann ho ein suveren siger i 5 km sprint. Under VM i skiskyting 1987 i Lahti fekk Parve gå Sovjetunionen inn til gull på ankeretappen 3 x 5 km stafett, elles fekk ho sølv på 10 km og hamna på fjerdeplassen på 5 km. I sitt siste verdsmeisterskap, i Chamonix i 1988, vann Parve sitt sjuande VM-gull med Sovjetunionen sitt stafettlag, i 5 km sprint vart ho ikkje betre enn nummer tolv.

Kjelder endre

  • Sportsboken 87-88