Sanna Grønlid (fødd 2. mai 1959) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Høydalsmo i Tokke. Ho vart verdsmeister på 5 km i 1985 og på 10 km i 1987. I 1985 vann ho også verdscupen i skiskyting.

Sanna Grønlid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mai 1959 (64 år)
Noreg
Idrett skiskyting

Aktiv endre

Grønlid var ein av pionerane då skiskyting for kvinner kom i gang frå 1983-sesongen. Etter at Gry Østvik vann den fyrste (uoffisielle) verdscupen i skiskyting føre Siv Bråten, kom Grønlid med i toppen då tre norske kvinner toppa verdscupen i skiskyting 1984; Mette Mestad vann, med Grønlid og Bråten på dei neste plassane. I 1985 vann Grønlid verdscupen, deretter måtte ho ein plass ned i 1986-sesongen og ytterlegare ein plass ned, til tredjeplass, i 1987-sesongen.

Grønlid fekk to sølvmedaljar under VM i skiskyting 1984 i Antholz, fyrst i 5 km sprint bakom Venera Tsjernysjova frå Sovjetunionen, sidan med det norske stafettlaget over 3x5 km. Året etter vann Grønlid gullmedaljen på 5 km under VM i sveitsiske Egg am Etzel, samt sølvmedaljar på 10 km og i 3x5 km stafett. Under VM 1986 i Falun vart det bronsemedaljar i dei to øvingane der ho året før tok sølvmedaljar. I sitt siste verdsmeisterskap i Lahti 1987 vann Grønlid ein klar siger på 10 km og fekk ein ny stafett-bronse, som i Falun i 1986, gjekk ho på lag med Anne Elvebakk og Siv Bråten.

Grønlid la opp etter 1987-sesongen.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar