Kakahu (kākahu) er ei tradisjonell kappe brukt av maoriar, urfolket på New Zealand. Desse plagga er dyrebare arvestykke som har ei viktig tyding i maorikulturen, og har ei offisiell rolle i det moderne New Zealand. Ein følgjer alltid tradisjonelle reglar (tikanga) under produksjonen av ein kakahu.

Maorileiaren Te Nangihaeta avbilda med to typar kakahue i 1852.
Maoriklede ved Hallie Ford Museum i Oregon.

Framstilling endre

 
Maorivevskule i Wakarewarewa.

Fiberutvinning endre

Maori-kapper er laga av fiber frå den newzealandske planten Phormium tenax. Fibrar frå denne planten blir brukt til mange funksjonelle og symbolske gjenstandar i maorikulturen. Ein vinn ut materialet til kakahuen frå dei breie blada til planten. For å hausta dei skjer ein bladet av i vinkel frå midten og utover. Dette hindrar regnvatn frå å trenga inn i planten og skapa rote eller skadedyråtak. I tillegg haustar ein berre dei ytre blada av planten. Dei inste tre er igjen for å la han halda fram med å veksa.

Det fyrste trinnet i tillaginga er å fjerna bladendene, kantane og dei sentrale ribbene frå blada. Deretter frigjer ein fibrane (muka) frå blada med eit skjel. Dette gjer at ein skil den voksaktige toppen og den grøne undersida frå fibrane. Ein held fram med å skrapa til fibrane er fullstendig separert frå dei andre bladdelane.

Produksjon av trådane endre

Renningstrådane (whenu) kan lagast av desse fibrane med ein gong. Ein tvinnar to fibertrådar til ein renningstråd ved å rulla dei mellom handflata og låret. Fukt fremjar vridinga. Renningstrådane blir så lagt i vatn over natta for å fjerna overflødige tannin, og neste dag heng ein dei opp til tørk. No flettar ein rundt femti av trådane saman. Etter tørking blir fibrane blautlagde igjen og banka med ei klubbe av vulkansk stein. Trådane blir snudde slik at dei blir behandla frå alle sider. Under denne prosessen, som ein utfører to gonger, blir det meste av fukta i fibrane slått ut. Dette gjev den mjuke renningstråden.

Ein laga innslagstrådane omtrent på same måte, men ein tvinnar færre fibrar saman, og trådane blir tørka utan at ein slår dei.

Farging av fibrane endre

Etter at trådane er laga kan ein farga dei i dei tradisjonelle fargane svart, brunt og gult. Som regel fargar ein innslagstrådane, medan renningstrådene blir verande ufarga.

Den svarte fargen kan ein få ved å blautleggja dei ferdige trådane i ei garveløysing laga av den knuste borken frå hinau-treet (Elaeocarpus dentatus). Deretter blir dei plasserte i ei spesiell jernhaldig gjørme over natta. Denne typen farging kortar ned på levetida til kappa, ettersom jern og sure tannin i stor grad akselererer nedbrytinga av fibrane.

Ein fargar fibrane brune med ei løysing av bork frå tenekaha (Phyllocladus trichomanoides) Etter at dei har vore blautlagde i denne blir dei dekte av oske som framleis er varm frå mahoe-treet (Melicytus ramiflorus).

Fibrane blir farga gule ved å bløytleggja dei i ei borkløysing.

Det blir også brukt ufarga fibrar. Desse har ein off-white farge.

Typar endre

Kahu kari endre

 
Maorileiar måla kring 1870 med pelskappe, kahu kari.

Kahu kari er den mest verdifulle kakahuen. Denne var særskild vanskeleg å laga, og produksjonen krevde mykje tolmod og uthald. Kahu kari-kapper er dekorerte med strimlar av hundepels sydd på med ei snor i skjeringspunktene mellom rennings- og innslagstrådane. Pelsen kjem frå den polynesiske hunden (kuri). Sidan denne har vore utdøydd sidan omlag 1800-talet, blir ikkje kappa laga meir, slik at typen er svært sjeldan.

Kaitaka endre

 
Kaitaka

Ein annen type kakahu er kaitaka. Dette er ei tettvoven kappe utan mønster, men med dekorerte dekorative striper på sidene og ein breiare dekorativ kant nedst.

Korowai endre

 
Mann i korowai.

Korowai er den vanlegaste typen kappe. Dette er eit enkelt plagg som er utsmykka med svarte snorer. Snorene blir anten fletta stramt eller rivne opp i mindre fibrar. Deretter blir dei festa til renningstrådane i trådkryssa, og dannar dermed sitt eige mønster på kappa. Vanlegvis er det mange snorer på toppen og færre på kanten og sidene.

Kahu huruhuru endre

 
Ngaire McCarthy i kahu huruhuru.

Denne typen kakahu er ei kappe som er heilt dekorert med påsydde fjører, kjend sidan midten av 1800-talet. Kapper med fjører frå kivifuglar er tradisjonelt dei mest prestisjetunge.[1]

Piupiu endre

Piupiu er eit kort klede med lange, fråskilde bladstrimlar. Det blir ofte brukt som eit skjørt eller forkle, men kan også brukast som kappe hengt over ei skulder.[2] Eit vanleg mønster vekslar mellom naturfarga og svarte fiberdelar. For å laga mønsteret blir fibrane eksponerte på punkta ein vil ha farga med eit skarpt skjel og farga svarte. Bladdelane som ikkje er eksponerte blir verande gulbrune på grunn av den voksaktige overflata si. Etter tørking krøllar bladdelane seg saman. Dei resulterande banda er anten fletta saman på toppen for å danna eit belte eller forkle, eller innlemma i eit stoff.[3]

Kjelder endre

  1. «Māori kākahu (cloaks): When is a korowai not a korowai?», Te Papa’s Blog (på engelsk), 29. april 2018, henta 25. juni 2023 
  2. Awhina Tamarapa; Patricia Wallace. «Lacebark piupiu – Māori clothing and adornment – kākahu Māori». 'Māori clothing and adornment – kākahu Māori - Adapting to new lands and climate', Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. 
  3. Rangi Te Kanawa (2016). Textile Herstellungsverfahren der Maori. Frankfurt am Main: Kerber Verlag. s. 78–93. 

Litteratur endre

  • Rangi Te Kanawa: Textile Herstellungsverfahren der Maori. In: Der rote Faden, Ausstellungskatalog des Weltkulturen Museums Frankfurt. Kerber Verlag, Frankfurt am Main 2016, S. 78–93.