For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kappe (fleirtyding).

Kappe er eit klesplagg festa ved skuldrene og hengjande laust nedover kroppen. Kapper finst i mange ulike lengder og kan vera draperte av enkle, flate tøystykke eller vera formsydde. Dei kan berast opne framme eller på ei side, delvis lukka (til dømes i halsen) eller vera lukka heilt rundt. Plagga kan ha kragar, hetter og ei viss form for erme.

Kvinnekappe med hette frå Provence frå 1785-1820.
Hertug Mollien i hoffklede med kappe under det franske keisardømet (1758-1850).

Ordet «kappe» kjem frå mellomalderlatin cap(p)a gjennom norrønt kápa. Det er i slekt med «kåpe».

Ein kjenner kapper frå heile verda. I Norden finst det døme på kapper frå bronsealderen.

Ulike kappetypar endre

Kjelder endre

  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.