Kalba (arabisk كلباء) er ein by i Dei sameinte arabiske emirata. Det er ein eksklave i emiratet Sharjah mellom kysten av Omanbukta nord for Oman og sør for emiratet Fujairah. Khor Kalba er eit viktig naturreservat og mangrovesump sør for byen ved greensa til Oman. Byen vart erobra av Det portugisiske imperiet på 1500-talet og vart kalla Ghallah.[2] Han vart angripen, plyndra og sett i brann av styrkane til sultanen av Flugat i mars 1811 som ein del av britiske og omanske felttog mot sjøstyrkane til Al Qassimi.[3] Han vart ein Traktatstat frå 1936 til 1951, då han vart innlemma i Sharjah.

Kalba
كلباء
by
Mangrovesump i Khor Kalba
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Al-Sharjah
Koordinatar 25°04′27″N 56°21′19″E
Areal 66 km²
Folketal 54 876 (2015)[1]
Tidssone UAE standard time (UTC+4)
Kart
Kalba
25°4′23″ N 56°21′28″ E
Wikimedia Commons: Kalba

Khor Kalba er for tida stengd for ålmenta og vert utvikla til eit område for økoturisme av emiratet. Fleire miljøvernarar og økologar er uroa over prosjektet.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.gdnonline.com/Details/155636/Sharjah-population-tops-1405-million.
  2. Bey, Frauke (1982). From the Treaty States to United Arab Emirates. UK: Longman. s. 533. ISBN 0582277280. 
  3. Qasimi, Sultan (1986). The Myth of Piracy in the Arabian Gulf. UK: Croom Helm. s. 153. ISBN 0709921063. 
  4. Todorova, Vesela (20. mai 2012). «Mangrove fears over Emirates eco-turisme project». The National. Henta 9. oktober 2016.