Kaldtvasskorallrev

Kaldtvasskorallrev er korallrev som veks på større djupn og i kaldare hav enn dei tropiske korallreva. Dei finst vidt utbreidd i alle verdshav, bortsett frå i polområda, og er ikkje i særleg grad avhengige av lys.

Lophelia pertusa er den viktigaste arten i kaldtvasskorallreva

Biologi endre

Den vanlegaste revdannande korallen er steinkorallen Lophelia pertusa, men òg andre artar kan danna kaldtvasskorallrev. Lophelia-korallen trivst best i vatn med temperaturar på 6-8 °C og er vanlegast på 200-1000 meters dyp. Ein har likevel funne han så grunt som 39 meter (Trondheimsfjorden) og så djupt som 3383 m (ei undersjøisk fjellkjede utanfor austkysten av USA). Reva veks særs sakte – frå nokre få millimeter til maksimum to centimeter i året, og dei eldste delane av norske korallrev er om lag 8 500 år gamle.

Noreg har verdas største kjende kaldtvasskorallrev, men havbotnen er dårleg kartlagt. Kaldtvasskorallreva vert kartlagt med multistråle-ekkolodd i kombinasjon med filming med fjernstyrte miniubåtar. Utviklingen av betre kartleggingsutstyr og det auka fokuset på kaldtvasskorallreva vil truleg føra med seg stadig nye oppdagelser av slike korallrev framover, både i norske og utanlandske farvatn.

Røstrevet som vart oppdaga i 2002, er verdas største kaldtvasskorallrev. Det ligg på 300 til 400 meters djup rundt 110 km vest for Røst. Revet er om lag 35 km langt og 3 km bredt, og har eit flateinnhald på rundt 100 km².

Reva gjev levestad til eit rikt mangfald av marint liv. Ein trur dei er viktige som yngleplassar.

Trugsmål og vern endre

Den seine veksten og den skjøre fysiske strukturen gjer reva særs sårbare. Etter kvart som kaldtvasskorallreva er vortne betre kartlagt, har forskarar oppdaga at mange er skadde. Ifølge Havforskningsinstituttet er 30-50 % av norske korallrev skadd eller øydelagt på grunn av botntråling. I tillegg til dette trugsmålet kan legging av røyrledningar og kablar gjera mykje skade.

Fiskeridepartementet fastsette i 1999 Forskrift om beskyttelse av korallrev. Denne har heimel i Saltvannsfiskeloven og Lov om Noregs økonomiske sone, og gjev korallreva generelt vern mot fiskeredskap som vert slepte langsmed botnen. Forskrifta forbyr tilsikta øydelegging av korallrev og set krav om aktsemd ved fiske i nærleiken av kjende korallrevførekomstar. Vidare forbyr forskrifta bruk av aktiv fiskereiskap som vert slept langs botnen i spesielt einskilde område. Så langt har fem korallrev — Sularevet og Iverryggen utanfor Midt-Noreg, Røstrevet utanfor Lofoten og to rev på Hvaler (Tisler og Fjellknausene) — fått slikt spesielt vern

Kjelder endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kaldtvasskorallrev

Omsett frå bokmålswikipedia