Kalfaret
Kalfaret er eit område i Bergen. Området vart hovudsakleg bygd ut på starten av 1900-talet.Ein del av området låg til 1915 på utsida av sjølve byen, og området fekk eit overklassepreg. Store delar av dei gamle bygga er tekne vare på. Hansa bryggeri heldt lenge til på Kalfaret, men flytta vekk dei siste restane av produksjon på slutten av 1990-talet.