Kaliyuga

(Omdirigert frå Kali Yuga)

Kaliyuga (devanāgarī कली युग; 'Kali-tida') er, i følgje hinduskrifter, den siste av dei fire utviklingsfasene verda går gjennom som ein del av yuga-syklusen.[1] Dei andre tidsaldrane er dvaparayuga, tretayuga og satyayuga. Ved slutten av kaliyuga går verda under.[2]

Ein mann vernar kua mot demonen Kali. Frå Ravi Varma Press (1897).

Kaliyuga skal vera den tidsalderen der menneska blir andeleg svekka.[3] I hinduisme blir moral eller dharma ofte representert som ein okse. I Satya Yuga, den første tidsalderen, har oksen fire bein, men i kvar tidsalder blir talet på bein redusert. I Kali er moralen så svekka at oksen berre har ein fot å stå på.[4][5]

Demonen Kali herskar over denne tidsalderen. Han er erkefienden til Kalki, den tiande og siste avataren til Vishnu. Ifølgje Vishnu Purana er Kali ein negativ manifestasjon som verker for å forårsaka slutten (eller i røynda fornyinga) av universet.[6] Kali er også ei antagonistisk kraft i Kalki Purana. Det blir sagt at mot sutten av tidsalderen vil Kalki koma attende ridande på ein kvit hest og kjempa mot Kali og styrkane hans. Verda vil gå gjennom ein kataklysme som øydelegg alt det vonde, og Shiva vil øyedeleggja universet. Brahma vil så skapa eit nytt univers, og ein ny yugasyklus vil ta til.

I følgje Surya Siddhanta, ei astronomisk avhandling som er utgangspunktet for alle hindu- og buddhist-kalenderar, tok tidsalderen Kali Yuga til ved midnatt (00:00) den 23. januar 3102 f.Kr. i den gregorianske kalenderen.[7] Same tidspunkt blir òg rekna av mange hinduar for å vere då Krishna forlét lekamen sin.[8]

Kali Yuga skal vare i 432 000 år. Dei fleste tolkarar av hindu-skrifter meiner verda for tida er i kaliyuga. Nokre meiner òg at vi er i starten på dwaparayuga.

Kjelder endre

  1. Smith, John D. (2009). The Mahābhārata: an abridged translation. Penguin Classics (ISBN 978-0-670-08415-9), s. 200
  2. «verdensaldrene». Store norske leksikon (på norsk). 4. april 2019. 
  3. Dimitri Kitsikis, L'Orocc, dans l'âge de Kali, Editions Naaman,1985, ISBN 2-89040-359-9
  4. «The Mahabharata, Book 3: Vana Parva: Markandeya-Samasya Parva: Section CLXXXIX». Sacred-texts.com. Henta 20. januar 2013. 
  5. Bhāgavata Purāṇa 1.16.20
  6. «Chap. Vii». Sacred-texts.com. Henta 20. januar 2013. 
  7. The Induand the Rg-Veda, Page 16, By Egbert Richter-Ushanas, ISBN 81-208-1405-3
  8. «Lord Krishna lived for 125 years.». The Times of India. September 8, 2004. Henta 31 December 2015.