Kaljazin (russisk Каля́зин) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, 125 km aust-nordaust for Tver.

Kaljazin
Калязин
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Kaljazin
Byvåpenet til Kaljazin


Plassering
Kaljazin is located in Russland
Kaljazin is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Først nemnt i
Bystatus
1434
1775
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

13 953
Koordinatar 57°14′0″N 37°51′0″E / 57.23333°N 37.85000°E / 57.23333; 37.85000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 171570, 171571, 171573
Retningsnummer (tlf) 48249
Nettstad: www.kalyazin.ru

Kaljazin er først nemnt på 1100-talet som ein sloboda, eller busetnad for personar som var fritekne frå å betale skatt. Byen vart viktigare då Makarjevskij-klosteret vart grunnlagd på motsett side av Volga på 1400-talet. Dette klosteret var det mest merkverdige landemerket i Kaljazin og bestod av mange bygningar av historisk interesse, mellom anna eit refektorium frå 1525.

St. Nikolai klokketårn er ein del av kyrkja som vart lagt under vatn i Stalin-tida, og det mest oppsiktsvekkjande landemerket i Kaljazin.

I 1940 vart klosteret og storparten av den gamle bydelen sett under vatn då Uglitsj-reservoaret vart bygt. Byen vart etter det i praksis flytta til ein ny og høgareliggande stad.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.