Kaluza–Klein-teori

(Omdirigert frå Kaluza-Klein-teori)

Kaluza-Klein-teori er ein sameint teori for elektromagnetisme og gravitasjon konstruert ved å bruke den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein på eit femdimensjonalt tidrom. Det femdimensjonale tidrommet er elektrisk nøytralt og inneheld verken elektriske eller magnetiske felt. I følgje denne teorien er det me oppfattar som eit punkt i rommet, i røynda ein bitte liten sirkel, med radius omtrent 10–30 m. Når ein nøytral partikkel går rundt ein slik sirkel, oppfattar vi dette, frå vårt firedimensjonale perspektiv, som ein ladning.

Teorien vart utvikla av den tyske fysikaren Theodor Kaluza, (1885-1954) og den svenske fysikaren Oscar Klein.

Kjelder

endre