Kamila Shamsie (fødd 13. august 1973)[2] er ein prisløna pakistansk-britisk forfattar.

Kamila Shamsie

Verkeleg namn Kamila Naheed Shamsie[1]
Nasjonalitet pakistansk-britisk
Statsborgarskap Pakistan, Storbritannia
Fødd 13. august 1973 (51 år)
Karachi
Yrke forfattar
Aktive år 1998-
Språk engelsk
Medlem av Royal Society of Literature
Religion Islam
Mor Muneeza Shamsie
Kamila Shamsie på Commons

Bakgrunn

endre

Shamsie er fødd i Karachi. Mor hennar er journalisten og redaktøren Muneeza Shamsie.[3] Bestemora henner var begum Jahanara Habibullah, med band til fyrstefamilien i Rampur.[2] Ho er også grandniese av forfattaren Attia Hosain og fører sjølv den litterære tradisjonen i familien tilbake til oldemora Inam Habibullah, som skreiv eit memoar på urdu.[4]

Shamsie gjekk på Karachi Grammar School.[2] Deretter tok ho ein BA-grad i Creative Writing ved Hamilton College i New York[2] og ein mastergrad ved MFA Program for Poets & Writers ved University of Massachusetts Amherst.[2] I 2007 flytta ho til London, og har no dobbelt statsborgarskap i Storbritannia og Pakistan.[1]

Forfattarskap

endre

Ho debuterte i 1998 med romamen In the City by the Sea, som ho skreiv medan ho gjekk på college, og har sidan gjeve ut fleire romanar.[5] Shamsie har også skrive for avisa The Guardian.[6] I 2009 gav ho ut ei sakprosabok, Offence : the Muslim case.

Shamsie wrote her first novel, In The City by the Sea, while still in college, and it was published in 1998 when she was 25.[7] Boka var finalist til den britiske John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Etter sin andre roman Salt and Saffron frå 2000 blei ho vald ut som ein av Orange sine «21 Writers of the 21st century». I 2013 blei ho teken med på Granta si liste over dei 20 beste unge britiske forfattarane.[9]

Alle dei fire første romanane hennar har handling frå Karachi; seinare romanar har eit breiare geografisk spenn som omfattar Japan og Storbritannia.[7] Også den tredje romanen hennar, Kartography, var finalist til John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Den femte romanen hennar Burnt Shadows var finalist for Orange Prize for Fiction[8] og vann ein Anisfield-Wolf Book Award.[10] A God in Every Stone var finalist for Walter Scott-prisen i 2015[11] og til Baileys Women's Prize For Fiction.[12] Den sjuande romanen hennar Home Fire var nominert til Bookerprisen 2017.[13]

Ho er medlem av Royal Society of Literature.[8]

Bibliografi

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 "Kamila Shamsie on applying for British Citizenship: 'I never felt safe'", The Guardian, 4 March 2014. Retrieved 5 March 2014
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Kamila Shamsie: Following in her father's footsteps». South Asian Diaspora. 8. mars 2013. Arkivert frå originalen 3 March 2015. Henta 26. juni 2014. 
  3. Profile: Kamila Shamsie, DAWN, 6 april 2014
  4. Kamila Shamsie (1. mai 2009). «A long, loving literary line». The Guardian. 
  5. A writer's life: Kamila Shamsie, The Telegraph, 10. april 2005
  6. Kamila Shamsie, The Guardian
  7. 7,0 7,1 Hanman, Natalie (11. april 2014). «Kamila Shamsie: 'Where is the American writer writing about America in Pakistan? There is a deep lack of reckoning'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 15. august 2017. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Kamila Shamsie». Bloomsbury. Henta 21 December 2014. 
  9. Best of Young British Novelists 4, Granta 123.
  10. http://www.anisfield-wolf.org/books/burnt-shadows/?sortby=year
  11. «2015 Shortlist announced». Walter Scott Prize. 24 March 2015. Henta 24 March 2015. 
  12. Driscoll, Brogan (13. april 2015). «Baileys Women's Prize for Fiction Shortlist Announced». HuffPost UK. Henta 16. august 2017. 
  13. Beer, Tom (August 14, 2017). «What to read this week». Newsday. Henta 15. august 2017.