Kaminuma Crag
Kaminuma Crag er ein bratt, øyliknande nunatak, 1,4 km lang, med ei høgd opp mot 1750 m i det øvre firnområdet til Newallbreen i Asgard Range i Victoria Land. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter den japanske geofysikaren Katsutada Kaminuma, ein professor i geovitskap ved Det nasjonale instituttet for polarforsking i Tokyo, som arbeidde åtte feltsesongar i McMurdo Sound, to sesongar i Dry Valleys Drilling Project i 1974–75, 1975–76; ein sesong i leitinga etter meteorittar i Antarktis i 1976–77; fem sesongar med International Mount Erebus Seismic Survey i 1979–80, 1982–83, 1983–84, 1985–86 og 1986-87.
Kaminuma Crag | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Asgard Range | ||
Stad | Victoria Land | ||
• høgd | 1 750 moh. | ||
- koordinatar | 77°38′S 162°26′E / 77.633°S 162.433°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kaminuma Crag 77°38′00″S 162°27′00″E / 77.6333°S 162.45°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kaminuma Crag» (innhald frå Geographic Names Information System).