Kampen mot glemselen. Kunnskapsvakuum i mediesamfunnet.
Kampen mot glemselen av Odd-Bjørn Fure er ein pamflett som kom ut i 1997. Den rettar seg imot Hans-Fredrik Dahl for omtalen hans av David Irving.
Fure meiner den universitetsutdanna Dahl bryt med akademiske normer, mellom anna etteretteleg historieskriving, intellektuell orden og presisjon i omgrepsbruken. Han set og spørsmål rundt det han opplever som manglande kritikk av Dahl ifrå fagmiljøet.[1]
Seinare sa Fure seg lei for det han oppfatta som norske historikarar sin evne til å forteie fortida. Noreg er ifølge Fure det einaste landet som ikkje har hatt ein einaste vitskapeleg studie rundt jødedeportasjonane og norsk deltaking på austfronten, noko som skuffa han.[2]