Odd-Bjørn Fure
Odd-Bjørn Fure (fødd 5. mars 1942 på Stadtlandet) er ein norsk historikar og statsvitar. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918-1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.
Odd-Bjørn Fure | |
Fødd | 5. februar 1942 |
---|---|
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | professor, historikar, statsvitar |
Institusjonar | Universitetet i Bergen |
Ektefelle | Jorunn Sem Fure |
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, var Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure er spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.
Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.
I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.
BibliografiEndra
BøkerEndra
- 1996 – Mellomkrigstid : 1920-40 (Oslo: Universitetsforlaget) . ISBN 8200225348 I fulltekst ved nb.no [Norsk utenrikspolitikks historie, band tre]
- 1997 – Kampen mot glemselen : kunnskapsvakuum i mediesamfunnet (Oslo: Universitetsforlaget) I fulltekst ved nb.no
Artiklar - eit utvalEndra
KjelderEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Søk etter publikasjonar av Odd-Bjørn Fure i biblioteksdatabasen BIBSYS
- Søk etter publikasjonar av Odd-Bjørn Fure i forskningsdokumentasjonssystemet FRIDA
- Portrettintervju i UiOs forskningsmagasin Apollon
- Intervju med Fure ifm. åpningen av Holocaust-senteret, Forskerforum 2003
- Om Odd-Bjørn Fure i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane