Kan du teksten? er eit norsk gameshow som gjekk på TV 2 i 2008 og 2009. Det er basert på amerikanske Don't forget the lyrics. Programmet gjekk ut på å hugsa songtekstar, og ein trengde ikkje god songstemme for å vinna. Ein deltakar kunne maksimalt vinna ein halv million kroner. Programleiarane var Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam frå rap-duoen MadCon.[1]

Kan du teksten? starta opp på TV 2 etter påska 2008, på ein tysdag.[2] Premieren av programmet hadde 460 000 sjåarar.[3]

Kjelder endre

  1. Kristine Vogt Beylegaard (11.06.2009), Kan du teksten? (på norsk), TV 2, henta 23. januar 2019 
  2. Anja Lohne Holm (07.04.2008), «Kan du teksten? Premiere!», TV 2 (på norsk), arkivert frå originalen 24. januar 2019, henta 23. januar 2019 
  3. Jensen, Martin Huseby, «Madcon løftet TV 2», Nettavisen (på norsk), henta 23. januar 2019